30 oktober 2008

Kveldstonar

Laurdag 1 november kl.18.00 er det på ny Kveldstonar i Ostereidet kyrkje. Edvard Askeland tek med seg kontrabassen og har denne gongen invitert med gitaristen Bjørn Klakegg og songarinna Ingeborg Hungnes. Som tidlegare år vil konserten innehalde både viser, folketonar, salmar og ballader som dei vonar vil lyse opp i haustmørkret.
Ingeborg Hungnes er utdanna frå Norges Musikkhøgskule. Ho har gjeve ut fleire CD-ar i eige navn på Kirkelig Kulturverksted. Mellom anna ”Folketonar frå Romsdal” og ”Guds mor i Mexico” saman med Edvard Hoem og Henning Sommero som ho også arbeider mykje saman med.
Bjørn Klakegg er ein av landets mest originale på sitt instrument og er utdanna frå jazzlinja ved NTNU i Trondheim. Han underviser ein del, spelar i mange forskjellige samansetningar i Oslo, mellom anna 4G med Knut Reiersrud, Knut Værnes, og Frode Alnes, og har ei eiga gruppe som har gjeve ut fleire CD-ar til gode kritikkar, seinast i april i år med ”Sidewalk view”.
Edvard Askeland har bakgrunn som organist og bassist både i Bergen og Oslo. Han er no tilsett som dagleg leiar for Oslo Jazzfestival, men prøver å halde av litt tid til å spele sjølv også. Han har også komponert og spelt inn musikken til CD-en ”Under Stjernone” der Hildegun Riise les dikt av Olav H. Hauge. Dette prosjektet var på ein omfattende turne for Rikskonsertane i 2006.
Eit lite morosamt samantreff er at det i år er 20 år sidan Klakegg og Askeland spela saman sist. Det var på Vossajazz og i Voss kino der dei utgjorde grunnstammen i bandet som vart sett saman for å akkompagnere Van Morrison.