20 februar 2006

Synfaring på Strandavegen

I november 2005 var det synfaring på Strandavegen der Ingvald Nedrås, Åge Hauge og Tommy Veland representerte bygda og Jarle Sollibakke, Statens Vegvesen.
Hensikten med synfaringa var å synleggjere farlege punkt på vegstrekninga Ostereidet-Nesbø. Synfaringa tok til på Ostereidet, og det vart vist ulike stader der det må gjerast tiltak for å sikra vegen.
På synfaringa kom det fram fleire ting som vegvesenet ikkje har vore klar over. Vegen toler ikkje den tunge trafikken og bussane er for lange og har problem med å komma fram. Når det gjeld rasfaren gjeld dette fleire plasser enn det som er vist til i Statens vegvesen eigen rapport som berre gjeld Kvømmaberget.Solibakke frå Statens vegvesen, opplyste at det ikkje er avsett pengar til utbetring, men ser at trongen er sterk tilstades.
Les heile rapporten her.