06 mars 2006

Mannsforeningen: Dag Lindebjerg

Frå sport til kystkultur
Av Trond Fykse

Tredve, førti mann er igjen samla til mannsforening på Bethania på Veland. Dei ventar besøk denne vinterkvelden. På tv kjem han gjerne sjøvegen i programmet ”Sommerdag”, men i dag bilar han frå frå heimen sin på Hjellestad til Stranda. Men han har sjølvsagt vore i våre farvatn med sin vakre oselvar. Inn austfjorden til Magnhild i Dyrdalen reiste han.

Paul Eknes ynskjer velkomen. Han nemner songen ein stundom syng på Bedehuset: ”Det skal komme en dag”. Så legg han til med glimt i auga at no er dagen komen.

Dag Lindebjerg har mykje å fortelja om sitt liv som journalist og tv-reportar. Han var trenar for landslaget i symjing på 1970 talet då han vart beden om å kommentera svømming på NRK. At dette skulle bli byrjinga på ei journalistkarriere som har vart til denne dag, er rart å tenkja på.

Lindebjerg fortel at han byrja som læregutt hos Bjørge Lillelien. Lillelien var ein mann med evne til å dramatisere. Sjølv kjedelege sportsseansar kunne han gjere interessant. ”Vi skal laga eit glitrande radioshow uansett”, skal han ha sagt. Han var ein stor dramaturg.

Då Lillelien gjekk bort i 1987 vart Lindebjerg ny ankermann i godt samarbeid med Håkon Brusveen. I ti vintrar arbeida dei saman. ”Håkon vart som ein far nummer to for meg”, fortel Dag. Han fortel vidare om ein gong dei var på oppdrag i nord Italia. Dag la seg på minne at kvar gong dei var på restaurant studerte Håkon menyen heilt til Dag hadde bestemt seg. Då han hadde bestilt la Håkon til: ”Same for me”. Dette tok ein brå slutt då Dag for moro skuld bestilte grilla spurv, ein lokal spesialitet. Det vart ”same for me” for siste gong. Då vart Brusveen sint.

Dag Lindebjerg fortel vidare om det hjarta hans bankar mest for. Det er vestlandet, menneska, kystkulturen. I tida som sportsjournalist budde han i Bærum. Men då sonen sa sitt første ord på Bærumsk, var grensa nådd. Vel heime att i Bergen og Hjellestad fekk Dag høve til å arbeide med det han verkeleg brann for. Mediumet vart programmet Maritimen. Dette var ein unik type radio. Vi møtte folk der dei var. Formen var fri og vi hadde kun ”live” musikk. Dag vert oppriktig rørt når han fortel om menneske han møtte og deira sterke historier. Om Håkon Furnes eller Anton på Lyngøy.

Den seinare tid har Lindebjerg jobba med ein serie om ”Det Norske Fyr”. Det var på høg tid å laga eit slikt program no. Frå januar 2006 er ingen fyr i Norge bemanna lengre. Ein kultur er borte. Korleis var livet på fyret? Livsrytmen på fyra gjorde noko med folk. Dette var kystens verkelege slitarar og har betydd enormt mykje for mange. Men nett no lagar han ein serie om båtane sin betydning. Han kan fortelja at eit av programma vil vera frå Indre Osterfjorden, blant anna saman med Arne Høyland.

Dag Lindebjerg takkar for seg. Det er tid for kveldsmat med blant anna pølsa til Magnhild på menyen. Rundt borda går praten vidare om alt frå sport til kystkultur.