20 mars 2008

Bokbåten kjem til Veland 8.april 2008

Bokbåten Epos kjem til Veland tysdag 8.april 17:30-19:00

Program 17:30
Sjå opp for monstre! med Reidar Kjelsen
Programmet høver for alle og er eit møte med forfattar og illustratør Reidar Kjelsen. Ein forfattar som ikkje eig hemningar. Han jobbar for å øydelegge ryktet til høner og påstår at damer er det slemmaste som fins i verda. Han har forfatta bøker om merkelege monstre og livredde dyr.
Reidar er nok elles mest kjend som illustratør for "Otto Monster" bøkene til Jon Ewo. Totalt har han gjennomillustrert over 30 bøker/ hefter, der åtte av dei er sjølvskrivne. Det er klart for leikne innspel og sprelsk strek som har utfordra både store og små.
Les mer om Bokbåten.