01 september 2008

Einar Helland heidra med Kongens fortenestemdalje i sølv

Einar Helland har i heile sitt yrkesaktive liv vist eit klart ønskje og ein inspirerande vilje til å tene og motivere folket på Stranda. Hans rike kunnskap og særs gode praktiske evner har visleg leia og råda bygdefolket i mange samanhenger. Helland har alltid sett bygda og bygdefolket først, og seg sjølv i andre rekkje. Som rektor for barneskulen i si eiga heimbygd vart han eit naturleg midtpunkt og ein leiar blant bygdefolket, og hans djupe kjærleik til både bygda, kommunen, landsdelen og folket som bur her førte til at han påtok seg med glede mange oppgåver på fritida til stor nytte for alle oss som bur her. Det vart såleis mykje meir enn ein vanleg lærarjobb. Han har alltid vore, og er framleis svært samfunnsengasjert.
Søndag fekk Einar Helland overrekt Kongens fortenestemedalje i sølv, av ordførar i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes. Strandtun var full av både sambygdingar, familie og kjente som ville heidra Einar.
Kjell Harald som representerte Stranda bygdalag, fortalde om bakgrunnen for søknaden. Trond Fykse spela mjuke tonar på piano, ordføraren song fleire vakre songar og Inger Hilde Fykse las fine dikt. Talarlista var lang og dottera Inger Hilde Helland, sambygdingen Anders Veland, Anna Karin Valle frå senterpartiet, Jan Thorshein, leiar av Lindås Sogelag og Bernt Tungodden, tidlegare skulesjef, var alle på talarstolen og heidra Einar med gode ord. Festen for Einar vart leda av Paul Eknes som også fortalde fleire morosame hendingar får skuletida med Einar som rektor på Stranda skule.
Les mer om bakgrunnen for tildelinga.